Det er tysdag, og fleirkameragruppa har møte på rom 6 på nedre bygg. Dei skal no i gang med å planlegge Musikal-TV, eit program som skal informere om alt som gjeld musikalen, og samtidig gi eit innblikk bak kulissene.

Tekst: Line Bendiksen Strand

Det er viktig å planlegge godt framfor store prosjekt som Musikal-TV. Foto: Victoria Helde

Gruppa er i godt gong med idemyldringa når vi kjem inn i rommet. Saman med fotografen prøver vi å finne ein plass der vi ikkje går i vegen.

Anna Lee Grimstad skal styre programmet Mimo Live. Foto: Victoria Helde

Lærar Åge Andre Breivik har styringa, og dei snakkar om når og kvar sendingane skal ta plass, og kven som skal ta på seg kva roller.

Dei bestemmer at dei skal ta ei testfilming seinare på dagen for å få litt meir greie på kva dei har å styre med på dette prosjektet.

Anna Lee Grimstad, som er gruppeleiar på fleirkameragruppa tok seg tid til å svare på eit par spørsmål mellom alle møta ho skal på. Anna fortel at ho skal styre eit program som heiter Mimo Live.

 Programmet gjer at vi kan ta opp film og legge på effekter på videofilene, seier ho.

Den største utfordringa trur ho blir å få alt til å passe saman og å få fin flyt i programmet.

Sondre Øvrebø gledar seg til å innta programleiarrolla. Foto: Victoria Helde

Etter lunsj set dei i gong med testfilminga. Vi befinn oss fortsatt på rom 6, men rommet har no blitt transformert til eit TV-studio med ein pult sett opp framfor ein vegg, og lys og kamera i full action. Programleiar Sondre Øvrebø sitt godt plassert bak pulten og øver seg på å gå inn i programleiarrolla, men han har likevel tid til eit spørsmål.

– Eg forventar høg standard, noko eg trur vi klarer å få til, og også at alle jobbar bra og effektivt, og så klart profesjonelt, smiler han.

Lenger bak i rommet er det eit flust av teknologisk utstyr som skal brukast. Fleire dataskjermer og kontrollpanel er berre noko av det som skal samarbeide med dei to HD-kamera for å lage den perfekte sendinga. Ein av dei som skal sitte bak kamera og styre det teknologiske er Per Sebastian Sætre. Han er teknisk ansvarleg, og skal sørge for at effekter og kamera fungerer som det skal og at alt ser bra ut, i tillegg til å redigere sendinga. Sendinga blir spelt inn i såkalla “Live on Tape”-stil, som

Per Sebastian Sætre har mykje å tenke på under sendingane. Foto: Victoria Helde

betyr at programmet blir spelt inn som om det skulle vore ei direktesending og lagt ut på nett.

– Det krever jo litt multitasking med knappar, og det blir litt stress med redigeringa og miksinga, seier han om den omfattande rolla.

Fleirkameragruppa skal filme ein liten trailer til Facebook, så vi får eit siste blikk over ”studioet” før vi må gå ut. Sjå traileren under.