– Både media og musikk blir meir knytt saman etter musikalen, seier Karen Mathea.

Karen Mathea meiner at både medie- og musikklinja blir meir knytt saman av musikalen. Foto: Thea Berge Baastad

Tekst: Thea Berge Baastad og Lisa Bendal

Vi sit ute i gangen. Rundt oss flyt samtalane lett mellom musikkelevane. Det er fritime, og då er gangen ofte fylt med elevar. Karen Mathea Ulvund Solstad sit saman med oss. Ho smiler medan ho svarer på dei mange spørsmåla våre. Flyten i samtalen er god.

– Musikalen er noko som styrkar fellesskapet og folk får vise nye sider ved seg sjølv, seier Karen Mathea med eit smil om munnen.

Det er ikkje berre musikklinja som er med på å lage musikalen, medielinja deltek også. Dei har ein felles lidenskap med eit klart mål: å lage tidenes musikal.

Karen Mathea sit konsentrert og snakkar med oss. Foto: Thea Berge Baastad

Årets musikal er ikkje ulik dei andre, det er mykje arbeid med den og forventningane er store. Sjølv om det er mykje arbeid og jobbing på fritida er dette høgdepunktet med skuleåret. Det skaper gode minner som dei fleste tek vare på resten av livet.

– Noko av det beste med musikalen er å skape noko saman.

Karen Mathea er no med på den tredje og siste musikalen sin. Tidlegare har ho dansa og sunge, men i år har ho ei større rolle. Sjølv om rolla er større, synes ho det er like mykje jobbing som det har vore dei tidlegare åra, sidan ho dansa mykje. Forventningane til årets musikal er positive, og ho synes historia er spennande. Ho gler seg til å sjå den utforme seg på scena.

Ho gler seg veldig til musikalen og er spent på korleis historia ser ut på scena. Foto: Thea Berge Baastad