Elevane som skal spele i årets orkester er på plass i musikkbingen på Volda vidaregåande skule. Her samlast dei for å gå gjennom melodiane som skal bli framførte på musikalen, The Cream Of Soul, i februar.
Tekst: Silje Birkhol
Dei møtast inne i musikkbingen kvar onsdag og torsdag for å sikre seg at kvar ein tone er på plass til den årlege ”musikalveka”. Smilet er allereie på plass før dei går inn døra, og det forblir på gjennom øvinga.
Lokalet er prega av engasjerte elevar og soulmusikk av kjende artistar.