Mykje fokus, men også mykje latter. Foto: Thea Berge Baastad

Han byrjar å varme opp stemma forsiktig, heilt til han treff tonane meir og meir, i samspel med melodien frå pianoet.

Tekst: Lisa Bendal, Thea Berge Baastad og Josefine Fredriksen

– Hugsar du songteksten? seier songlæraren med ei spørjande stemme. Ein forsiktig latter kjem frå Johannes, for det hugsar han ikkje. Då legg læraren fingrane sine på pianotangentene og melodien sig sakte fram. Med ein gong verkar det som om han brått hugsar teksta igjen. And if they fall as Lucifer fell, syng han med innleving og engasjement.

Så er songtimen over for denne gong. Johannes Kristiansen er førsteklassing på musikklinja ved Volda vidaregåande skule. Dette er den første musikalen hans.

– Eg forventar ikkje så alvorleg mykje av musikalen, men eg kan tenke meg at det blir bra.

Rolla hans i årets musikal er å synge i kor og å vere med på nokre av dansane. Johannes er veldig glad i å vere på ei scene. Kjensla han får når han framfører skildrar han som fantastisk. På musikalane han skal vere med på dei neste åra vil han gjerne ha ei større rolle.

Dansinga er det han grur seg mest til, men på den andre sida blir det ei bra utfordring. Hittil har dei ikkje øvd så mykje på dansane, og Johannes føler at han ikkje kan dei så bra enda. Til sjølve framføringane av musikalen er han halvveis redd for at noko kan gå gale; at han kanskje vil gjere nokre feil.

– Dei som speler dei viktigaste rollene har god erfaring frå dei tidlegare musikalane, så eg har god tillit til dei og reknar med at det skal gå bra.

Johannes håper at flest mogleg kjem og ser musikalen.

– Årets kor og band er heilt fantastisk, og der er mange gode skodespelarar. Det blir knall!

 

Nervane kjem på når han tenker på sin første musikal. Foto: Thea Berge Baastad
Johannes er ein av dei mange førsteklasseelevane som skal vere med på musikalen. Foto: Thea Berge Baatsad